Moa (Monica) Hundseid
Alder:
24
Fødested:
Vikedal
Moa (Monica) Hundseid

Alder: 24

Fødested: Vikedal

HALLA!! Moa her, 24 vintrar gammal ifrå vestfjella i sør av landet! Elske friluftslivet!!! Denfinasjonen på meg sjøl trur eg går under kategorien som Eventyrar og Polarguide! For det meste av året er eg ute på eventyr med flokar i håret og solbrune kinn, med to store polarhundar dinglande etter. Lekeplassen min er stor og fin, Verden er min lekeplass.
Powpow scroll for meir galskap og info!

Turar:

  • Jorda rundt 2013
  • Grønland på tvers 2014
  • Norge på langs 2014
  • Nordisbreen i Patagonia, Chile på tvers. 2015
  • Havana beach på cuba på ski.2015
  • Hundekjøyrar i Alaska, USA. 2015
  • Kobuk river på langs, Alaska USA. 2016
  • Guide grønland på tvers for børge ousland explorations. 2016
  • Åleine i himalaya, Khumbu valley og island peak 6189 moh. 2016
  • Guide Nordvest passasjen, Canada for Børge Ouslan Explorations. 2017
  • Elbrus, russland. Europas høgaste fjell 5642 moh. 2017
    Manaslu, Nepal 8164 moh. 2017

Friluftslivet har lert meg å elska. Før eg blei kjent med livet som eventyrar og polarguide viste eg ikkje korleis eit lykkelig liv kunne vara! Som 19 åring bestemde eg meg å ikkje sitta på skulebenken å lera om verden, men eg ville la verden lera meg å leva. Eg reiste ut i verden med bestevennene mine og besøkte alle dei sju kontinenta for å oppsøka galskap, eventyr og meininga med livet! Og den fant eg! Draumen var å leva av naturen, ikkje nødvendig økonomisk, men finna lykken og sjelero i det fri.

Etter eg tok beslutinga å gjera det som gjer meg lykkelig i livet har eg reist jorda rundt på ekspedisjonar ifrå lange skiturar, bli verdens første til å krysse Havana Beach på langs på ski, til å bestige 8000 meter fjell! Det gir meg det eg trenge i livet! Tillegg til å følja draumar og egne eventyr er eg også polarguide for ekspedisjonsfirma Børge Ousland explorations. Eit firma som har alt av polareeventyr! Nordpolen, sørpolen, polhavet, nordisbreen i Patagoina, Chile ja heilt fantastisk arena for sånne folk som elske å få snøkrystallar på øyenvippene og lera å leva med naturen, få evigvarande kunnskap om ulike destinasjonar og befolkingar.

Til våren er målet å bli Norges yngste til Mount Everest på 8848 meter over havet! Forbredingane til eit slikt prosjekt er utruleg spennade men og krevande når det komme til å forbereda seg psykisk og fysisk, men mest krevande delen er heilt klart det økonomiska. Som ei fri sjel som egentlig har lyst å farta i fjellet med flokar i håret og solbrune skinn blir fokuset å stå knallhardt på for å samla inn nok midler for turen. Men det posetive med det er at nærfjella blir besøka oftare når ein har store prosjekt på gong, ein må leva billigt derfor blir vestlandsfjella lekeplassen.

Målet med livet mitt er å la sjelå mi vandra i det fri og tar meg plasser eg drøyme om! Gjera akkuratt det eg har lyst til og ikkje la andre sette begrensingar for min eventyrlyst. Dela opplevingar med dei eg er glad i, møte nye kulturar og befolkingar, nå ekstreme mål, sprenga grenser, le og skralla i teltet på lange turar med is i fletta mi. Eg vil leva slik som eg har gravert samekniven min med;
«Fri Sjel På Vandring»

Klem ifrå fjelltrollet, Moa!

Blogglisten hits